STADLANDET UNGDOMSLAG
Stadlandet
Ungdomslag vart stifta 25. oktober 1947 med Jonas J. K. Leganger som lagets
første formann. Tanken om eit ungdomslag vart fødd i skyttarlaget. I
”Sekretærbok for Stadlandet Skjytterlags Byggefond” kan vi lese følgjande i
eit styremøtereferat frå -39:
Sak 3: Skiping av
eit ungdomslag under ” Firda og Norgegs Ungdomslag”. Det lenge påtenkte
arbeidet med å starte eit frilynt ungdomslag tenkjast i dag å ta sin
begjyndelse. Det vart framlagt og umsnakket alt det som kunde hatt av skeid og
lærerike foredrag, vist vi hadde hatt eit ungdomslag.
Så kom krigen,
-og vi vart einige om at det burde vere inntil vidare.vi vilde ikkje starte
noko lag i tider som desse.
Tanken om eit
forsamlingslokale – eit ungdomshus – heldt seg levande, og arrangement til
inntekt for eit slikt var mange. Ikkje alltid gjekk det like ”reint” føre seg
på festane då heller: Sitat frå møteboka:- Den uro som vart halde på
denne festen det kan vere uskreve, for skulde det skrivast alt det som gjekk
fyre seg so vilde heile bokja bli forlita. (
og dette var ei samkome med skodespel, åresal og loddtaking, auksjon,
opplesing og mat – og ikkje dans).
”Det påtenkte ungdomslaget hadde vore i god stand
no hadde ikkje den siste festen vore som han var ”,
uttalte Jonas J.K. Leganger noko seinare.
Då freden på nytt
hadde senka seg over landet, kom saka fram i dagslyset att. Det meste av
grunnlagsarbeidet var gjort, og vegen var kort fram til skipinga i -47.
I høve
30-årsjubiléet fekk laget si første fane,måla av Sverre Myklebust (bilde av
fana kjem etterkvart).
Bygdapoeten Jenny
Bjørlykke beskriv fana slik:
Fana har eit slikt talande motiv. På eine sida Den
nakne verslitne Statthalvøya utan liv.
Der naturkreftene uhemma kan herje på hav og land.
Men sjå! Hand i hand på høgste Kjerringtoppen
med spenst i kroppen
står desse to pene ungdommane
med sine andletsdrag so åpne, ljose og milde,
sprunge ut frå ein kilde
av ljos livstru og gode anlegg.
Stadlandet
Ungdomslag har vore og er eit aktivt lag. I perioden 1992 – 2004 fekk SUL
fylkeslaget sin aktivitetspris heile fem gongar.
Teater har vore
laget sin hovudaktivitet, der det historiske friluftsspelet ”På Sverdeggja”
toppar (sjå eigen omtale)
LEIKARRINGANE
Laget har to
barnegrupper og ei vaksengruppe. Om lag 25 born i alderen 5-12 år er med,
medan vaksengruppa for tida berre har 10 aktive.
Instruktør for
borna er Margit Fløde medan Dagrunn Molvik, Syvde og Margit deler på å leie
dei vaksne.
Borna hadde eit
svært aktivt år i 2005. Forutan å vere med på barnestemne i Olden, var dei på
besøk på sjukeheim og eldretun, hadde elles oppvisning i Korsen og på
Grendahuset. Dei hadde også besøk av barneleikarringen frå Fiskå, som ein
gjenvisitt etter at Stadt var der året før.
Til startsida