Rolf Losnegård – CV:

Fødd 28.01.46 i Hyllestad, Ytre Sogn. Bur no i Askvoll, Sunnfjord. Gift og har tre born og tre barneborn.

Utdanning:

Firda Gymnas, Sandane 1962 – 65, Universitetet i Bergen, norsk og historie mellomfag 1966, 72. NRK si utdanning for programskaparar 1972-73, Universitetet i Oslo, alm. litteratur gr.fag 1974. Diverse skrivekurs o.a.

Har vore tilsett i/ved:

Norsk Linton & Hirst 1966, Bønes skole 1971, NRK, programskapar/forfattar 1972 – 75, Askvoll Ungdomsskule 1975-80, Sogn og Fjordane Teater, dramaturg, 1980-88, Dramatikerforbundet, arb. styreleiar, 88-90, Riksteatret, dramaturg, 89-93, Sogn og Fj. Teater, dramaturg, 93-96, Hordaland Teater dramaturg/forf., 97-98.

Tillitsverv:

Leiar i Regionteaterrådet i Sogn og Fjordane 76-79, leiar i Norske Dramatikeres Forbund 88-90,  Norsk Forfatter- og Oversetterfond, styreleiar, 88-90,Vestlandske Teatersenter, styremedl., 94-97, Askvoll formannskap 2003- 2007.

Utgjevne/off.gjorde verk:

Maksværingar, TV-serie, 1972, deretter om lag 15 teaterstykke spelte på Sogn og Fjordane Teater, Riksteateret, Agder Teater og Hordaland Teater. I tillegg ei rekkje utandørs drama – sogespel. Nokre av teaterstykka er utgitt i bokform.

Har omsett ei rekkje teaterstykke frå Pippi Langstrømpe til Hamlet (i utdrag), og utgitt novellebøker for vaksne og barnebøker.

Medlemskap i

Norske Dramatikeres Forbund, Norsk Oversetterforening, Norsk Sceneinstruktørforening og Norsk Forfattersentrum.

Stipend:

3-årig arbeidsstipend (90-93) og 1-åring arb.stipend (99), NDFs honnørstipend 2003.

 

 

Instruksjon/regi:

Eg har hatt to regioppgåver ved Sogn og Fjordane Teater og ei på Hordaland Teater. Dessutan regi på fire utandørs historiske spel og ei rekkje amatøroppsetjingar samt revyar.

Eg er for tida frilans forfattar og instruktør og held i tillegg skrivekurs.

 

Rolf Losnegård