Stadlandet Ungdomslag vart stifta 25. oktober 1947. Det har vore og er eit aktivt lag.
BYGGING AV RULLEBRETT-RAMPE VED BLIKKEN
Dei to siste dagane har ein mann bygd rullebrett-rampe ved klubbhuset Blikken. Det er rampebyggar og sjonglør Gunnar Løge frå firmaet "Verktøy i Lufta" frå Horten som har stått for bygginga. Ein ettertrakta tilvekst til tilbodet i/ved Blikken er snart klar til innviing. Særleg er det midlar frå Gjensidige-stiftinga som har gjort dette muleg.
Vi kjem attende med meir informasjon om kva tid det blir opning av rampen -- og kva tid han kan takast i bruk.
STOR SUKSESS MED STAPPFULLT GRENDAHUS PÅ BYGDAKVELDEN 1. MAI 1. mai arrangerte ungdsomslaget bygdakveld i Stadlandet Grendahus ...med underhaldning, servering og dans : sjå PLAKATEN
SJÅ BILDE FRÅ REVYEN Litt omtale
STADLANDET UL FEKK AKTIVITETSPRISEN 2009
På årsmøtet i SOFUL (Sogn og Fjordane Ungdomslag) 14. mars fekk Stadlandet Ungdomslag aktivitetsprisen for det mest aktive laget i fylket i 2009 . Det er sjuande gongen laget vårt mottek denne prisen! På bildet får leiaren i SUL, Margit Fløde, overrekt prisen av leiar i SOFUL, Anders Gjerland .
UKM 2010 I STADLANDET GRENDAHUS
Stadlandet Ungdomslag arrangerte UKM saman med Selje kommune i februar . 35 deltakarar underheldt ein fullsatt sal i grendahuset --- med mykje song og musikk frå scena og utstillingar på veggane.(FOTO:SUNNMØRSPOSTEN)
Grendahuset har fått eigne websider.
----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------- GODT SPEL I GODT VER PÅ DRAGSEIDET I PINSA 2009
Sol frå skyfri himmel var med på å legge ramma kring årets framsyning av Dragseidspelet i pinsa.
Dei 1200 tilskodarane fordelte seg nokså jamt på dei to dagane...med ei lita overvekt på søndagen.
Tilbakemeldingar frå publikum gjev uttrykk for stor begeistring for det som vart framført i dei vakre
omgjevnadane på fjellet.
Ein stor innsats frå aktørar i ulike roller både på og utanfor scena gjorde dette store tiltaket muleg også i år!
Mikkel Gaup i rolla som Gunnar Raud .....her saman med rollefiguren Astrid spela av Torill Rundereim
Foto: Magne Bye
Frå årets plakat: Design/foto: Lasse Fløde
Foto av Magne Bye, Irene Fløde og Bård Fløde
Speleplassen i vikingtunet på Dragseidet fotografert tidleg på våren i påvente av årets "På Sverdeggja" Foto: Bård Fløde/Lasse Fløde