Stadlandet Ungdomslag trakk full sal i
grendahuset laurdag 1. mai
Stadlandet Ungdomslag har
fleire gongar hatt suksess med bygdakveldane sine, og arrangementet 1. mai var
ikkje noko unntak i so måte. Like før førestillinga skulle ta til, måtte det
berast inn fleire stolar i salen for å gje sitjeplass til dei mange
skulelystne.
Svein Ervik i eit
av innslaga som skikkeleg fekk publikum til å opne latterdørene …….der han
framførte ei svært lokal vermelding på ein svært engasjerande måte!

Botnpris Spelemannslag krydra nok ein bygdakveld med frodige
innslag frå den lokale butikken på Leikong. Her ligg butikksjefen Fredrik
Borgund ”punktert” på scenekanten!

Marita Bødal hadde fleire fine innslag der ho sjarmerte
publikum både med si vakre stemme og fin sceneopptreden.